Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Med Garborg til Jærs


399,-
Antall:

Kjell Arild Pollestad og Torgeir Bygstad

MED GARBORG TIL JÆRS

Arne Garborg har meir enn noko anna enkeltmenneske vore med på å forma jærbuen sitt syn på seg sjølv. Han har presisert og styrkt den jærske identiteten, og hjelpt oss til å slå djupare røter i det heimlege. For dei mange som i vår tid har flytta til Jæren, kan diktinga hans tena som ein portal inn til sjølve hjarta av det jærske, slik at dei betre kan forstå og lettare kjenna seg heime i den landsdelen dei bur i. Og tilflyttarar frå mindre forblåsne og regntunge landsdelar vil finna ord for eigne sukk når dei hjå diktaren les: D’er haust. Det ruskar ute / med regn og kalde vind.
 
Garborg har gjeve både jærlandskapet og jærvêret eit klårt og særprega litterært uttrykk, og det på eit så djupt plan at ein jærbu som i dag les Garborg, framleis kjenner seg att, både med hovudet og med hjarta, hundre år etter at diktaren døydde, og trass i alt som har endra seg.
 
Boka er illustrert med over hundre gamle og sjeldne bilete frå Garborgs levetid.
 
Om Forfatterane:

 

Torgeir Bygstad arbeider som omsetjar og skribent. Han har blant anna gjendikta dei latinske poetane Catullus og Juvenal til nynorsk, og omsett og kommentert tekstar av den franske filosofen Simone Weil. I vinter kom omsetjinga hans til bokmål av den italienske klassikaren «Mine fengsler» av Silvio Pellico. Bygstad har interessert seg for Garborg i ei årrekkje, og har tidlegare undervist i norsk i vidaregående skule. 
 
Kjell Arild Pollestad, fødd 1949 i Nærbø (no Hå), gjekk på gymnaset på Bryne, og studerte deretter språk og teologi, i Oslo, Toulouse og Roma. Han er forfattar og omsetjar, og verka i mange år som katolsk prest, mellom anna som sokneprest i Tønsberg. No er han pensjonist og bur på Bryne. Han har skrive over 20 bøker, og i tillegg omsett verk frå latin, fransk, italiensk, russisk, islandsk, gamalgresk og nygresk, og no også frå hebraisk. Med Bibelen og Homers Iliaden og Odysseen har han gjeve nye omsetjingar av sjølve «grunntekstane» til den europeiske kulturen, og med Snorres Kongesagaer også den nordiske.
ForfatterTorgeir Bygstad og Kjell Arild Pollestad
ISBN 9788293913306
Innbundet148 sider

 

Alternative produkter

Kunder som så på dette så også på

Relaterte produkter

  • Bilde av Helsing frå Jæren

    Varenr 9788293913160

    449,-399,-
  • Bilde av Alf Aakre - agent i egen by

    Varenr 9788293913245

    429,-
  • Bilde av Jærmalerne

    Varenr 978-82-93351-51-1

    399,-349,-
  • Bilde av Bruno Krauskopf - Et fargerikt kunstnerliv

    Varenr 9788293913030

    399,-349,-