Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Jærkshire - Jæren og Yorkshire


449,-
Antall:

Helge Torvund

JÆRKSHIRE - JÆREN OG YORKSHIRE

Ein jærbu i Yorkshire

 

Både tekst og foto i denne boka utstrålar ei begeistring for dei to geografiske områda som er skildra her, Jæren og Yorkshire. Boka er ein hyllest til venleiken i landskapet, til folk som bur der, til kunsten og litteraturen og til velsmakande tradisjonell mat og drikke, samt vakre tre og bygningar som det er godt å vera i. Forfattaren finn likskapar og ulikheitar mellom desse områda, og ser korleis stadnamn og språk er påverka av vikingane som kom over til Yorkshire frå Skandinavia i si tid.

 
Visst møter ein i boka både vemod og sorg og mange kjensler som kjem med livserfaringar av ulike slag, men djupast sett er desse rikt illustrerte sidene likevel prega av nysgjerrigheit, kreativ leik og ei glede over dei små og store tinga i naturen og kulturen. Lesaren får òg ta del i den legendariske orkidéforskinga i sanddynene som er kombinert med whiskysmaking og lerkesong.

Forfattaren har med unntak av periodar med studietid i Oslo og arbeid andre stadar, budd heile sitt liv på Jæren. I boka fortel han om oppveksten der og om kvardagslivet og om korleis det er å vera ein høgt prisa poet på Jæren. I tillegg til si eiga livshistorie gjev han blant anna innblikk i livet og arbeidet til broren, biletkunstnaren Gunnar Torvund, som gjekk bort i 2019.  

 

Forfattaren gjennomførte den første reisa til Yorkshire 15 år gammal og mange år seinare byrja han reisa dit fleire gonger i året. Ofte drog han og hans reisefølgje til dei same stadane, der dei treivst ekstra godt, men dei utvida òg stadig området og vart kjent med nye plassar i det som vert kalla The North Yorkshire Moors.

Pubar, bruktbutikkar, lyngheier, tea rooms, katedralar, jernbanestasjonar, restaurantar, ruinar, gravlundar, skoglundar og små steinkyrkjer er alle interessante stadar og får her sin hyllest av ein poet som er tilstade der han er og like merksam på detaljar i nået som på historier bak det han ser omkring seg.   

Helge Torvunds «Jærkshire» er en livsbejaende, engasjert, sanselig, velkomponert og drivende lystig sidestilling av forfatterens hjemtrakter på Jæren og hans foretrukne ferieområde i Yorkshire, som viser seg å ha forbløffende mye til felles. Her får man servert lokalhistorie, anekdoter og legender, naturvitenskap og spøkelser, etymologiske etyder og lingvistiske labyrintløp, angende whiskysmaking, et yrende dyreliv, lokale kunstnere og famøse tilreisende, samt forfatterens egen historie, kunstneriske utvikling og velkuraterte smakebiter fra hans utstrakte diktproduksjon, iblant direkte inspirert av omgivelsene. En Sebaldsk vandring gjennom nordsjøiske søsterregioner i ekte Torvundsk ånd!
Forfatter, Hilde Susan Jægtnes 

 

ForfatterHelge Torvund
ISBN9788293913313
Innbundet312 sider

Alternative produkter

Kunder som så på dette så også på