Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Frå utmark til by


299,-399,-
Antall:

 

Kjell Olav Stangeland

FRÅ UTMARK TIL BY

Historia om Bryne

I Stavanger Aftenblad for 25. januar 1921 stod denne annonsen: «Fra 1. Februar førstk. vil Time paa Jæderen postkontor bli benevnt Bryne».

Frå same dag vart også namnet på jernbanestasjonen endra frå Time st. til Bryne st. 1. februar 2021 er det med andre ord 100 år sidan Bryne offisielt fekk namnet sitt. Sjølv om Bryne er det eldgamle namnet på garden som åtte utmarka der stasjonen vart plassert og sentrum utvikla seg, var det langt frå sjølvsagt at namnet skulle bli Bryne.

Historia om Bryne starta lenge før 1921. Den direkte årsaka til at Bryne etterkvart utvikla seg til den mest sentrale staden på Jæren, var Jærbanen som vart opna 1. mars 1878. Trass i motstand frå mange i Time kommune, som ville ha Hognestad som stasjon, var departement og Jernbanedirektøren aldri i tvil om at hovudstasjonen i Time skulle vera på Bryne.

Ved opninga av Jærbanen var det som i dag er Bryne sentrum, bare myr og lyngmark. Likevel var det Thime station, som vart det offisielle namnet, som utvikla seg til senteret på Jæren. Også Klepp, Nærbø, Varhaug og Vigrestad fekk jernbanestasjonar. Kvifor var det Bryne som «vann» kampen om å bli «byen på Jæren»? Det skal denne boka prøva å gi eit svar på gjennom historier om personar, institusjonar og verksemder som har vore sentrale i utviklinga og som har sett preg på Bryne.

«Frå utmark til by» er ført i pennen av Kjell Olav Stangeland, og i boka er det også mange bilete frå gamal og nyare tid.

Det er foreningen Brynes Vel som har tatt initiativet til å lage boka om Bryne for å skape tilhørighet og forståelse blant folk som har bodd eller kommet til Bryne som innflyttere.

ForfatterKjell Olav Stangeland
ISBN978-82-93913-02-3
Innbundet400 sider

Alternative produkter

Kunder som så på dette så også på

Relaterte produkter

  • Bilde av Jærbanen

    Varenr 978-82-999138-0-5

    299,-
  • Bilde av Jærmalerne

    Varenr 978-82-93351-51-1

    399,-349,-
  • Bilde av Jærstubbar

    Varenr 978-82-93351-17-7

    349,-