Kategorier

More information

    Solveigs rosebok

    Solveigs rosebok

    Roser i nordiske hager - slik lykkes du

    Fri frakt

    Lagerstatus: På lager

    Vanlig pris kr 379,00

    Tilbud kr 332,00

    ELLER

    Solveigs rosebok

    «Solveigs roser» er et oppkomme av tips og gode råd til hva slags roser du bør velge og hva som skal til for å få dem til å trives akkurat der du bor.

    Det å få til sine egne roser hjemme i hagen kan by på utfordringer, spesielt med tanke på de store klimavariasjonene vi har her til lands. Så da var det på høy tid da, at vi har fått vår egen nasjonale rosebok som tar for seg alle sider ved det å dyrke frem roser i Norge.

    Rosa er den mest populære planta i verda. Rosene skapar glede, og kan brukast overalt. Dei kan veksa i store potter ved inngangspartiet og ved sitjeplassen i hagen, langs veggen, i pergolaer eller i opparbeidde rosebed. Som store buskar kan rosene veksa på plenen, og dei kan fylla opp ein tom plass i hagen.

    Mange har lyst til å dyrka eigne roser, vakre blomar som blomstrar heile sommaren og utover hausten heilt til frosten kjem. For å få mest mogleg glede av hagen, er det nødvendig å ha litt grunnleggjande kunnskap om korleis du kan få til ein fin rosehage. I denne boka, skriv eg om korleis du kan finna dei rette rosene, og kva du må gjera for å ha suksess med dei.

    Det er mange rose-entusiastar der ute. Folk som elskar roser, og som ser verdien av ein hyggeleg hage som det er godt å vera i. For dei er det minst like viktig å ha ein triveleg hage som det er å ha det fint inne i huset. Når stova strekker seg langt ut i hagen, då har du lykkast med både eksteriør og interiør. Ein hage som viser fram ein personleg smak og fremmar trivsel, aukar verdien av både huset og bumiljøet for alle som bur der, og for dei som kjem på besøk.

    Hagearbeid handlar også om å ta vare på miljøet vårt. Om rein luft å pusta i. Om god jord som sunne planter kan veksa i, og om estetikken rundt oss, det vakre og harmoniske i naturen. Når vinteren har vore lang og kald, er det magisk å gå ut i hagen og sjå på rosene som kjem tilbake år etter år. Det skjer heilt plutseleg når det blir varmt i vêret. Dei spring ut i fullt or, og gode dufter slår imot deg.

    Eg har så lenge eg kan minnast, vore glødande interessert i alt som veks i hagen. For meg er hagearbeid både avkopling, inspirasjon, meditasjon, mosjon og mykje arbeid. I hagen kan tankane fly fritt.

    Sjølv er eg ein fullstendig nerd som elskar roser, og som samlar på dei. Ser eg ei rose som eg likar, så må eg berre ha ho. Eg deler gjerne erfaringa mi med folk som vil læra meir om korleis ein kan lykkast med roser, enten dei vil kjøpa seg ei einsleg rose, eller om dei vil laga ein heil rosehage.

    Boka er basert på eigne erfaringar med roser som eg har kjøpt i potter og planta dei siste 20 åra. Alle plantene i boka har eg sjølv prøvd og feila med.

    Beste helsing frå Solveig Nessa 

     

    Innholdsfortegnelse

    Å FINNA DEN PERFEKTE ROSA

    ULIKE FORMERINGSMETODAR

    GRUPPER AV ROSER

    -       Villroser

    -       Historiske roser

    -       Buskroser

    -       Moderne buskroser

    -       Klatreroser

    -       Stilkroser

    -       Klaseroser

    -       Markdekkande roser

    -       Miniatyrroser

    -       Stammeroser

    -       Historiske roser frå før 1900-talet

    PLANTING OG STELL

    -       Den gode jorda

    -       Jordstruktur

    -       Moldrik jord

    -       Leirjord

    -       Torvjord

    -       Sandjord

    -       pH-verdiane i jorda

    PLANTENE TRENG MAT

    -       Plantenæring

    -       Rosegjødsel

    -       Kunstgjødsel

    -       Mengde og tidspunkt

    -       Kompost

    -       Kugjødselkompost

    -       Ugras

    -       Utpint og rosetrøytt jord

    -       Jorddekking

    PLANTINGA

    -       Tid

    -       Avstand

    -       Planting av roser som blir
selde i potter og kar

    -       Planting av roser som blir
selde utan jord (berrot)

    -       Rotskjering

    -       Planteholet

    -       Vatning etter behov

    PLANTING AV FORSKJELLIGE TYPAR ROSER

    -       Klatreroser

    -       Stammeroser

    -       Å planta i krukker og kar

    -       Vatning

     

    -       Næring

    -       Omplanting frå krukke til bed

    -       Samplanting

    -       Flytting av roser

    ROSER PÅ HYTTA

    ROM I HAGEN

    LEPLANTER OG LEVEGGER

    KLIPPING OG FORMING AV ROSER

    HELSESTELL

    SOPPSJUKDOM PÅ ROSER

    -       Mjøldogg

    -       Rosestråle ekk, svart ekk

    -       Roserust

    -       Sprøyting mot sopp

    -       Grenbrand

    -       Økologiske oppskrifter

    SKADEDYR PÅ ROSER

    ELLEVE RÅD FOR Å LYKKAST 
MED ROSER

    ROSESTELL ÅRET RUNDT

    HAUST OG VINTER

    ROSESPRÅKET

    KLIMASONEKART

    Forhåndsbestill og få fri frakt og signert utgave!

     

    Skriv din egen omtale

    Kun registrerte brukere kan skrive omtaler. Vennligst logg inn eller registrer deg

    .